Meld deg inn i valsonene til Firda
Til hausten er det igjen duka for kommune- og fylkestingsval, og Firda ønskjer både politikarar og veljarar velkommen til vår valsatsing på nett og papir. Vi har oppretta valsoner for alle dei tolv kommunane i dekningsområdet vårt, og ei eiga sone for fylkestingsvalet. Målet og ønsket vårt er at desse sonene skal stimulere til gode og spennande debattar om store og små saker, som er viktige å setje søkjelys på i valkampen i kvar kommune. Vi inviterer og oppmodar politikarar og veljarar til å melde seg inn i valsona for sin kommune. Adressa til dei ulike valsonene er: I valsonene kan politikarar og veljarar på lik linje publisere innlegg, saker og bilete, og kommentere det andre har publisert. Det er også ei meiningsmåling på sona, der du kan stemme på det partiet du hadde valt dersom det var val i dag. Sonene er ei direkte kommunikasjonskanalar mellom politikarar og veljarar, der politikarane kan nå ut med saker dei vil løfte fram og veljarane kan reise saker dei meiner politikarane må ta stilling til. Det er ei eiga portalside for valsatsinga, som har adressa http://www.firda.no/val2011. Frå denne sida kan du navigere vidare til den kommunen du ønskjer, og portalsida samlar også det nyaste innhaldet frå alle undersonene. Vi oppmodar også til å bli medlem av denne sona. For å få innlegg i valkampen på trykk i papiravisa, må innlegget publiserast i valsona for den kommunen det gjeld.
Vist 419 gonger. Følgt av 1 person. Fjordaglimt
Følgt av 4861 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||