PÅ LEIT ETTER NORGES BLOMSTERDAL

Se Norges blomsterdal er ei munter og frisk vise, og rett som det er vert det ymta om at ho er inspirert av førdenaturen. Ikkje heilt uventa, diktaren Andreas Aabel arbeidde og budde i Førde nokre år. Så kanskje han gjekk seg ein tur i Halbrendslia, høyrde gauken og ein brummande foss (Halbrendsfossen?), sette seg i skuggen og tenkte ut den lystige visa si.
Songen handlar om ein byfyr på landtur. Han ser seg godt om og nyt synet og lydane frå naturen, den brummande fossen, gauken som gjel, fjell, li og fjord. Det kjem ei regnbyge (noko som kunne peike mot Sunnfjord som inspirasjonskjelde), men den bryr han seg ikkje om. Han flørtar med ei blåøygd jente som heldigvis kjem ut i døropninga frå eit lite hus der han fer, ja, han har kanskje har lyst å liggje med henne på ei blomstereng han har sett, om eg tolkar symbolikken rett. Til slutt plukkar han nokre blå minneblomar og vender heim til byen, gladare i hugen enn då han for derifrå. Ja, han er i eit fæla humør heile tida mens han er på landet, han gaular og syng, han hermer etter gauken og fossen og er så lystig at ein mest skulle tru at han er høg på noko slags tvilsamt stoff. Men me får tru at det berre er ungdommeleg kåtskap og ekte naturglede som rir han.
Så melder spørsmålet seg: Er det Førde og sunnfjordnaturen som har inspirert diktaren? Det ville glede mitt bankande sunnfjordhjarte om så var. Men eg tillet meg å tvile på at det er nokon samanheng mellom våre sunnfjordske blomsterdalar og visa til Aabel. Det er det eg vil drøfte i dette skriftstykket.

”Den vilde Graneskog …”

Allereie i tredje linja melder tvilen seg. Vill granskog i Førde midt på attenhundretalet? Nei, det ville vere eit biologisk mirakel om noko slikt kunne provast. Granskog har me mangla på Vestlandet med nokre få små unntak og dei unntaka fanst ikkje i Fjordane. Takka vere det tente eg ein del kroner i studietida, samstundes som eg fekk godt med mosjon og naturopplevingar. Skogplanting var framleis eit høgt akta tiltak, fram til granskogen, mørk og tett, voks seg stor og øydela dei friske, lyse og lauvkledde liene våre.
Kan Aabel ha teke feil og trudd at planta graner var villskog? Truleg ikkje, skogreising var sjeldsynt på hans tid. Det kan godt tenkjast at somme føregangsmenn spadde ned nokre granrenningar her og der, og ikkje veit eg om dette skjedde i Førde. Om så var, trur eg knapt at dei gjorde det ute i ville skogen, men kanskje nær tunet. Skogreisingstanken slo for alvor gjennom etter førdeåra til Aabel.
Ikkje trur eg heller at diktaren var så forvilla i forstkunnskap at han trudde at alle furene i Sunnfjord var graner. Når han først tek seg bryet med å dikte ein song om skog og fossar, om li og fjell og fjord, vil eg tru at han hadde peiling på ulike bartresortar.
No er det noko som heiter diktarisk fridom. Men i dette diktet er det ingen grunn til å late vere å skrive ”den vilde furuskog…”, ikkje treng han eit naudrim, og takten i verselinja treng heller ikkje noka jukseløysing. Tvert imot, for han har faktisk juksa litt i denne linja. Han skriv ikkje granskog, slik han burde, for å halde på den jambiske rytmen skyt han inn ein trykklett e som strengt teke ikkje høyrer til i ordet. Dette hadde han sloppe dersom han hadde valt å skrive furuskog eller bjørkeskog – skogar som meir høyrer heime i sunnfjordnaturen. Så når han absolutt vil skrive om granskog sjølv om han må fikse på språket, er det grunn til å tru at han veit kva han gjer. Forresten skal han ros for å ha brukt den norske forma skog, ikkje den danske skov, slik skikken var. Men så trong han eit rim til krog, som var stava på ekte dansk.
Trass i dette vil ikkje eg leggje hovudvekt på barskogprovet når eg sår tvil om inspirasjonen og opphavssituasjonen til visa. Det er andre moment som må drøftast.

Songarstemne og nasjonal glød

Først nokre årstal: 1830: Andreas Aabel vart fødd i Sogndal (også ein blomsterdal?) Etter nokre få år flytter familien til Land, og der veks Andreas opp. Her var det rikeleg med granskog og ein og annan foss. I 1864 kjem han til Førde som lækjar før han i 1876 dreg til Valdres og seinare til Toten. (Kjelde: NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane). Når vart så visa Se Norges blomsterdal dikta? Det me i alle fall veit, er at ho vart framført i 1851 – tretten år før Aabel flytte til Førde! Dette året skipa dei til den første songarstemna i Noreg. Første juni, på pinsedagen det året, heldt dei ei suksesstemne i Asker, rett vest for Kristiania. Å kome til Asker på den tid var å kome på ville landsbygda. Visa passar som hand i hanske til tida, staden og situasjonen. Eg reknar med at tjueeinårige Aabel har snikra henne i hop i høve stemna. Så vart ho framført for eit ellevilt, urbant publikum.
Nett desse åra kringom midten av attenhundretalet feia det ein storm av nasjonalromantisk glød, naturtilbeding og ha-stemt glød over landet. Det var no at nasjonen Noreg for alvor vart oppdaga, det vil seie norsk natur, bygdeliv, eldre historie og folkloristikk. På eit spektakulært teateropplegg i 1849 konstruerte dei Brudeferden i Hardanger på scena i Kristiania med hardingfelelåt og smektande dikt. Eg vil nok tru at den unge studenten Andreas Aabel ikkje var upåverka av alt dette. Eg tippar at han sat i salen den kvelden. Han var om lag jamgammal med Ibsen og Bjørnson, som ingen hadde lagt merke til så tidleg som på songarstemna i Asker pinsedag i 1851.

Jegeren og jomfrua

Så inspirasjonskjelder til pastorale viser var det flust av den gongen. Dei trong ikkje dra til Førde, dei trong ikkje dra til skogs eingong, dei kunne setje seg på ei skjenkestove og høyre på meir eller mindre klønete diktarar som sa fram eller song om landlege idyllar.
Men Andreas Aabel gjekk lenger etter inspirasjon. For kvar lånte han tonen frå då han hylla fjell og fjord og li? Det er ein frisk og fengjande tone, så inspirerande at The Deep River Boys i si tid song visa i ein lett oppjazza versjon og med sterk amerikansk aksent. Jau, melodien kjem frå ei tysk jaktvise frå Kurpfalz, området ved den idylliske byen Heidelberg, som forresten var fødebyen til den tyske nasjonalromantikken ein del år tidlegare. Visa om jegeren frå Kurpfalz finst i kjelder frå slutten av syttenhundretalet og har dukka opp i litt ulike versjonar. Både tonen og teksten er av ukjent opphav, så me kan gjerne seie at det er ei folkevise. Teksten både liknar og ikkje liknar på visa til Aabel. I den tyske visa er det ein jeger til hest som er ute i skogen på jakt og skyt ein hare her og ein hjort der. Han òg treffer ei jente, som berre er atten år. Og brått så må diktaren fortelje at jegeren skal skyte hjorten mellom beina! Så direkte er ikkje Aabel, han nøyer seg med å late ei blomstereng rime på brudeseng. Også gauken dukkar opp i den tyske skogen, men her er ikkje fossar, li og fjell og fjord, men skog og grøne moar. Begge visene har tralling og lysteleg refreng, sjå berre den tyske versjonen og samanlikn:

Juja, Juja, gar lustig ist die Jägerei Allhier auf grüner Heid’, Allhier auf grüner Heid’

Og Aabel:

Tralalalalala Ja, lystelig det er i Nord blandt Fjæld og Lid og Fjord blandt Fjæld og Lid og Fjord

Det er knapt tvil om at Aabel kjenner innhaldet i visa. For alt eg veit har han opphalde seg i Tyskland og sunge visa av hjartans lyst på ei Bierstube i Heidelberg eller der omkring. Eg vil tru at dette er den viktigaste inspirasjonskjelda til Aabel.

Syng med!

Eg held det for usannsynleg at diktaren har hatt Førde eller andre sunnfjordske landskap i hugen då han smidde strofene om Noregs blomsterdal. Eg vil tippe at han som medisinsk student sat bak skrivebordet sitt i Kristiania, duppa fjørpennen i blekkhuset og skreiv i veg for å få med ei vise på Noregs første songarstemne i 1851. Men om nokon kan dokumentere at han har hatt ærend i Førde på den tida og late seg inspirere til poetisk dåd av det, er eg villig til å skifte meining.
Lat meg få sagt det så tydeleg eg kan: Eg meiner trass i alt eg har skrive til no, at visa til dr. Andreas Aabel absolutt bør syngjast den dag i dag, både av sunnfjordingar og andre. Det er ei frisk, ungdommeleg vise, utan noko av det falske svada ein laut høyre i søkk og kav på den tida då byfolk og embetsmenn trudde dei fann folkesjela i naturen, historia og bondelivet. Diktaren legg ikkje skjul på at han er ein gjest frå byen, han frydar seg over våren og det frodige landskapet han gjestar, og han har valt ein festleg, songbar tone. Ingen ting i visa er umogeleg i vår tid.
Så om Førde og sunnfjordnaturen ikkje ligg til grunn, tykkjer eg at me trygt kan syngje med!

Reidar Kyrkjebø

Vist 131 gonger. Følgt av 1 person.

Fjordaglimt

Følgt av 5667 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir