Firda greier ikkje å levere avisa.

I dag tidleg oppdaga eg at eg ikkje fekk tilgang på Firda si eavis. Litt før kl. 07 sender eg ei melding til kundeservice. Ca kl.10 får eg eit svar om at dei har eit problem, og at eg skal få melding når eg får tilgang til avisa mi.

Når klokka no passerer 1630 har eg framleis ikkje fått tilgang på avisa for i dag. Det gjer meg irritert. Spesielt irritert blir eg fordi det er fredag i dag, og eg undrar meg på om eg ikkje kjem til å få tilgang på Firda før langt ut på mandagen.

Eg har eit klart inntrykk av at det no oftare er problem med Firda si eavis. Dette er for dårleg Firda. Etter mitt syn er dette ei teneste som blir dårlegare og dårlegare. Dersom ein skal ha eit system med eavis får ein jammen og bruke ressursar på å få det til å fungere.

Vist 400 gonger. Følgt av 2 personar.

Fjordaglimt

Følgt av 4859 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir