Annonse
Annonse
Fjordaglimt

Pasienthelse kva er det?

Kven har ansvar for att pasientar kjem raskt og sikkert til sjukehus og kven har ansvar for alternative trygge transportruter?
Med bakgrunn i att ei ung kvinne måtte bruke 3 timar til sjukehus med smerter tidleg i svangerskapet lurer eg på kven som har ansvaret for att dette var forsvarleg transport? FV 609 var stengd av ras ved Hundsåna så det vart transport med Ambulanse fra Stongfjorden til Askvoll, ombord i Ambulansebåt i Askvoll og transport til Dale der det var gått ras på Fv57 mot Bygstad så dei måtte ta rundturen om Lavik til Førde sentralsykehus.
Var det avklart med vegvesenet att Fv57 frå Dale mot Bygstad ikkje var open?
Transporten førte til ytterligare komplikasjonar i svangerskapet og utfallet for fosteret er fortsatt uvist, så eg stiller meg spørsmål om det er sparekniven og ikkje pasienthelsa som vart prioritert her?

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Så eg stiller meg spørsmål om det er sparekniven og ikkje pasienthelsa som vart prioritert her?

Det er vel ikkje lenger nødvendig å lure på om det er økonomi som er avgjerande for tilstanden i norsk helsevesen?

Fjordaglimt

Følgt av 3640 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir