Vil du vere vert for ei lokalsone?Du treng berre to ting for å kome i gang: Tilgang til PC med internettsamband, og ein god porsjon entusiasme for grenda di. Medlemsmassen i nettverktøyet Origo aukar jamt og trutt. I Origo-systemet er det mange soner, og fylkessona for Sogn og Fjordane er Fjordaglimt.no. Den fangar automatisk opp det som blir laga av Fjordaglimt-medlemene, eller det som ein Origo-brukar plasserer på kartet for Sogn og Fjordane. Det er også soner som fangar opp det som skjer i eit mindre område, t.d. Kystpuls.no som tilsvarar dekningsområdet til firdaposten.no, og Sognatreff.no for indresogningane. Desse spesialsonene hentar også inn det som føregår på dei ultralokale sonene – og det er sistnemnde vi gjerne skulle hatt fleire av, Om du vil drive ei slik “ultralokal” sone i starten, så kan vi hjelpe deg i gang!
Kva er så ei ultralokal sone? Det kan vere ei sone for grannelaget, for velforeninga, for bustadfeltet, for bygda di eller for bydelen din. Kjenneteiknet er at sona femner om folk som held til i eit avgrensa geografisk område, slik som til dømes Meråker i Nord-Trøndelag, der innbyggjarane har sona Mårråkbøgg. (Men det går sjølvsagt også an å lage soner innanfor emne, for lag og organisasjonar osv., og det er dei det er flest av på Origo). Etter at nærbutikken, posten og i verste fall skulen vart lagt ned i mange lokalsamfunn, saknar mange stader ei felles oppslagstavle for tilskipingar og etterlysingar, ein møtestad for utveksling av meiningar og erfaringar, og ein reklameplakat for å tiltrekkje nye innbyggjarar. Ei lokalsone på Origo kan innehalde alt dette. Sjå korleis Gaute Dvergsdal Bøyum har gjort det med Fjærland-sona. Firda hjalp han igang, og deretter overtok Gaute aleine. Han lagde dei første sakane, men snart kom mange fleire av bygdefolket til og fylte kalenderen med planlagde tilskipingar i bygda, bilete frå den strålande sommaren og jakta, peikarar til medieomtale av bygda, referat og debatt i samband med møte i bygdautvalet, og mykje anna. No går sona av seg sjølv – no står resten av bygda for aktiviteten på lokalsona. Og sona har blitt eit utstillingsvindauge for bygda, fordi det dei vel å “Publisere med ropert” hamnar både på Fjordaglimt.no og Sognatreff.no, og ofte også på firda.no og sognavis.no. Enkelte bidrag vert også nytta i avisene. I tillegg er sona ein møtestad for innbyggjarane, og ein stad å halde seg oppdatert for dei som har flytta ut. Bur du på ein stad som treng ein tilsvarande møtestad? På ei øy, i ein dal, i ei fjellside eller ein bydel – Fanøy, Stongfjorden, Veitastrond, Ulltang, Raudeberg, Lavik, Olden, Hoddevik…? Har de eit forsamlingshus der det av og til er tilskipingar, har de eit grendeutval, og/eller vil de ha fleire til å flytte dit? Tek de av og til bilete og skriv historier som de ønskjer at lokalavisa skal trykkje? La lokalsamfunnet ditt vise att på nettet og i lokalavisene. Ta kontakt med Eirik Grane eller Yngve Årdal. Om du har generelle spørsmål som du trur andre også har nytte av å få svar på kan du skrive dei i kommentarfeltet nedanfor: Fjordaglimt
Følgt av 3640 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||